Pålitelege varmepumper
for norsk klima

Rein energi, betre inneklima og lågare straumutgifter – Vest Energiteknikk
levera og installera solide, energieffektive varmepumper over heile landet.

Ein grønare bustad

Varmepumper nyttar naturleg uteluft til oppvarming og er ein rimelegare
og meir berekraftig energiløysing. Vel du varmepumpe, tar du del i det
grøne skifte og minkar samtidig straumutgiftene..

Våre varmepumper

Lufta ute er full av rein energi. Ein varmepumpe nyttar uteluft som oppvarmingskjelde. Med varmepumpe får du ein fornybar energikjelde, som gjev deg ein meir miljøvenleg bustad og eit betre inneklima.
Vi levera varmpumper av typen luft-luft
og luft-vatn.

Varmepumper luft/luft

Ein luft-til-luft-varmepumpe tar varmeenergi frå utelufta og levera ein lun og behageleg varme til bustaden din.
Varmepumpen har ein utedel og ein innedel. Utedelen nyttar energi frå utelufta og aukar temperaturen inne ved hjelp av ein kompresjons- og ekspansjonsprosess.

Varmepumper luft/vatn

Ein luft-til-vatn-varmepumpe hentar energi frå utelufta og distribuera den i bustaden via eit vannbore system – enten gjennom golvvarme eller radiatorar. Denne varmen nyttast til oppvarming av både tappevatn og av sjølve bustaden.

Bergvarmepumper

Bergvarmepumper er solenergi lagra i fjellet, på sjøbotn eller under grasplenen heime. Om du har eit vannbore oppvarmingssystem i bustaden, der du ynskjer å kutte utgifter til oppvarming, kan væske-til-vatn-varmepumpe vere det du treng.
Ein væske-til-vatn-varmepumpe er på storleik med eit kjøleskap, til samanlikning er luft-luft-varmepumpe noko mindre. Til gjengjeld krev det ikkje ein utedel for væske-til-vatn-varmepumpe.

Om oss

Vest Energiteknikk er eit nyetablert selskap i Nordfjord, som ynskjer
å ta del i det grøne skifte ved å levere og montere varmepumper.
Våre mål er:
  • Energibesparelse
  • Auka vekst
  • God service
  • Nøgde kundar
Vi er sertifiserte montørar av varmepumper og set kunden
og miljøet i fokus.

Ta kontakt for montering av varmepumper

Ta kontakt